Diakoni
Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Me ynskjer å vere her for deg!

Diakoni er alt frå den kvardagslege omsorgen for naboen til internasjonalt engasjement for klimarettferd og nedkjemping av fattigdom. Diakoni er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.
Visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja er:
Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.
Ikkje nøl med å kontakte kyrkja dersom det er noko. Du finn kontaktinformasjon under "kontakt" på framsida.