Kvileplassen


Kvileplassen


Å vere pårørande til personar med demens kan vere krevjande. Kvileplassen er ein møteplass for pårørande, der du skal kunne vere berre deg. Du er velkomen!

 

Kvileplassen held til i finstova på Frivilligsentralen i Treungen. Målet er å skape ein møtestad for pårørande av personar med demens. Her skal du kunne puste ut i trygge og koselege omgjevnadar saman med Oddrun og Eilev.

Kanskje kjem det også andre i same situasjon som deg, som kjenner på liknande tankar og kjensler? Då kan me vere til hjelp for kvarandre. 

Sjå i kalenderen på denne nettsida for å finne neste gong det er samling.

 

Tilbake