Vest-Telemark er diakonpionerar! Les om korleis prostidiakonstillinga, som i 2025 fyller 40 år, blei til.
Nokon må gå føre
Det heile starta med prostivise kurs.I si tid var det det Oddvar Ripegutu som tok initiativ til desse samlingane, og slik samle dei diakonale ressursane i kyrkjelydane til årvisse samlingar. Ved sida av sin bakgrunn som diakon, arbeidde han i administrasjonen i Agder og Telemark bispedøme i tretti år.
Første gong ordet prostidiakon blei nemnd var i Fjågesund 22. februar 1979. "Fødselshjelpar" var diakon Gotfred Rekkebo (1911- 93). Ein ihuga trøndar som gifte seg med med fellejenta Rannei.
Den 12. februar 1980 oppnemnde Vest- Telemark prostiråd til ei ansvarsgruppe for diakoniprosjektet. Dei fleste av dei som var med der er døde, men leiaren for gruppa lever enno: Oscar J. Garnes i Vinje
I mars 1980 oppnemner Diakoniutvalet i Agder bispedøme Oddvar Ripegutu og Ivar Solbu som sine representantar til ansvarsgruppa. Så kjem det ei lang rekke kurs i diakoni: Skafså, Fjågesund, Kviteseid, Fyresdal og Vinje.
Hadde ein ikkje hatt desse samlingane, hadde det truleg aldri blitt noko stilling Oddvar Ripagutu spela også ei sentral rolle som "innsidemann" tett på adminiastrasjonen hjå biskopen.
«Utan motet og viljen han viste, ville det kanskje ikkje blitt noko diakonisamarbeid. Han er smålåten, men lett å høyre. Han vil truleg seie at andre var viktigare, og at han ikkje var åleine om dette. Det er kan hende sant. Men ingen viste slik iver, vilje, pågangsmot og var ein slik inspirator som han når det var nødvendig".
Oscar J. Garnes om Diakoniprisen til Oddvar Ripegutu for 2005, ifølge VTB.
Ballen byrja å rulle
Eit heilt sentralt grunnlagsdokument er Oscar Garnes sin rapport "Prøveprosjektet for diakoni i Vest-Telemark". 12. april 1984 oppnemner Vest-Telemark prostiråd ein hurtigarbeidande komité. Dei fleste av desse lever:
Odd Roar Bøe, (leiar) Torgeir Nordal( sekretær)
Gottfred Rekkebo, Haldor Kaasin og Bent Olav Karlsen og Asle Kristiansen ( sjå bilde )
Så er me komne til 1984. I ein trong garderobe på Kristiansand Teater skjer noko:
23.-24. august 1984 godkjenner Bispedømerådet eit fem års prøveprosjekt.
26.-27. september 1984 blir Per Emanuelsen tilsett.
Fredag 10. januar 1985 blei han vigsla av Halvor Bergan i Nissedal kyrkje.
Resten er historie, eller så er det her det startar. I år er prostidiakonstllinga vår 40 år. Etterkvart er det blitt likande stillingar etter Vest- Telemark-modellen; i Søndre Follo, Ringsaker prosti, Karmøy prosti og Stavanger Domprosti.
Denne historia skal me i Vest-Telemark vere stolte av!