Nissedal sokn > Kyrkjelege handlingar > Vigsel


Vigsel


Vigsla er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei står ikkje åleine. Løfta blir gjevne med vitne til stades.

Eit symbolsk bilete av eit nygift par som held hender, der begge ber gifteringar. Brura er kledd i ein elegant, kvit kjole, medan brudgommen har på seg ein klassisk, mørk dress. Biletet fokuserer på hendene og formidlar ei kjensle av kjærleik og samhald. Foto.

Dersom de ynskjer å gifte dykk i ei av våre kyrkjer, bed me dykk om å ta kontakt med kyrkjekontoret for å avklare dette. Kontaktinformasjon til kyrkjeverja finn de på framsida under "Kontakt".

Du kan også lese meir om vigsel på nettsida til Den norske kyrkja.
Her finn du blant anna lenkjer til viktige skjema som må fyllast ut, informasjon om korleis vigsla føregår, valmoglegheiter og vigselsliturgien.

Me ynskjer dykk lykke til med planlegginga av den store dagen.