Konfirmasjon
Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vere konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du moglegheit til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre.

Som konfirmant får du lære meir om både Gud og deg sjølv. Vi snakkar om livet – på godt og vondt. Samstundes får du oppleve mykje nytt og spennande. Du får moglegheit til å vekse som menneske utan press om å prestere. Bli med på ei spennande reise fram mot den høgtidlege konfirmasjonsdagen!
Påmelding
Påmelding til konfirmasjon skal sendast til kyrkjekontoret. Skjemaet de skal fylle ut, finn de her.
Fristen for å melde seg på konfirmasjon i Nissedal sokn er i midten av september. Før dette brukar me reise på ein førkonfirmasjonsleir til Fjone. Der får ungdommane ein smakebit av korleis konfirmasjonstida blir. Det er lov til å vere med på denne leiren, sølv om ein ikkje har tenkt til å konfirmere seg i Den norske kyrkja.
Det er verd å merke seg at du må vere døypt for å kunne konfirmere deg i Den norske kyrkja. Dersom du ikkje er døypt, men likevel ynskjer å stå til konfirmasjon hjå oss, finn me ei løysing på det. Det vanlege er å følgje konfirmasjonstida saman med dei andre, men at me i løpet av året finn ein dato der du blir døypt.
Kva skjer i konfirmasjonstida?
I løpet av konfirmasjonstida, vil du mellom anna vere med på:
- Leir på Fjone
- Konfirmasjonskickoff med konfirmantar frå heile Vest-Telemark
- Samlingar med ulike tema som
- Pilegrimsvandring
- Gudstenester
- Leir på Gjennestad
Pris
Det kostar i dag 1500 kroner å stå til konfirmasjon. Me gjer merksam på at denne satsen kan endre seg.
Samarbeid
I Nissedal er det vanleg at Den norske kyrkja og Frikyrkja samarbeider om konfirmasjonsundervisinga. Me gjer difor det meste felles saman med dei som vel å stå til konformasjon i Frikyrkja.
Velkomen som konfirmant hjå oss!