Gravferd
Gravferda er den siste handlinga som fellesskapet gjer for eit menneske. Gravferda er ei viktig hending i familien og venekrinsen der me tek farvel med den som er død. Me takkar for livet som har vore og overlèt den døde i Guds hender.

Under finn de informasjon om kva som skjer i planlegginga av ei gravferd, prisar for gravlegat og stell av graver.
Gravferd
Ved eit dødsfall vel dei fleste å bruke eit gravferdsbyrå. Då er det gravferdsbyrået som tek kontakt med kyrkjeverja for å planleggje gravferda. Dersom ein ikkje vel å bruke eit gravferdsbyrå, må ein sjølv kontakte kyrkjeverja for å finne tidspunkt for gravferda. Ein vil då få informsjon om alt det praktiske knytt til seremonien ein sjølv er ansvarleg for.
Ei gravferd i kyrkja kostar ikkje noko for alle som bur i Nissedal sokn, eller har familie som bur her. Dersom ein av andre årsaker ynskjer å bli gravlagd på ein av gravplassane i soknet, kan ein måtte betale for nokre av tenestene. Dette vil kyrkjeverja informere meir om i samtalen. Prisane kjem fram av tabellen under:
Grunnleige |
3360 kroner |
Bruk av organist |
1680 kroner |
Opning/lukking av kistegrav |
5600 kroner |
Opning/lukking av urnegrav |
1680 kroner |
Gravlegat
Eit gravlegat inneber at arvingane set av pengar for at grava skal bli halden i orden i festetida. Pengane blir forvalta av kyrkjeverja.
Minstesats per år |
2650 kroner |
Administrasjonsgebyr per år |
250 kroner |
Sommarstell av graver
Kyrkja kan stelle graver om sommaren for dei som ikkje ynskjer, eller har høve til å gjere dette sjølve. Prisane for dette kjem fram av tabellen under:
2 utplantingar og stell |
2120 kroner |
1 utplanting og stell |
1325 kroner |
Krans |
350 kroner |
Ljos |
125 kroner |
Administrasjongebyr |
250 kroner |