Dåp
Her finn du informasjon om dåpen og korleis du kan senda inn ein førespurnad om dåp, samt om oppfølginga etterpå.

Dåpen er kanskje den fyrste store markeringa av det nye livet, der heile familien er samla. Ein dåp i kyrkja betyr også at barnet blir ein del av den lokale kyrkjelyden og den verdsvide kyrkja. Det er verd ein fest!
Avtale dåp
For å avtale dåp, tek de fyrst kontakt med kyrkjeverja på kyrkjekontoret. Kontaktinformasjon finn de under "Kontakt" på framsida. Det fyrste me gjer, er å finne ein dato som passar både for dykk og for oss. For å få den dåpsdatoen de ynskjer, er det lurt å avtale dåpsdag i god tid. Me anbefaler at de døyper barnet innan det fyrste leveåret, men kyrkja har inga aldersgrense for dåp. Når dåpen nærmar seg, tek presten kontakt for ein dåpssamtale. Samtalen er gjerne veka før, eller same veke som dåpen.
Etter dåpen blir barnet sitt namn offentleggjort i kyrkjelydsbladet. Om de ønskjer å reservere barnet mot dette, ber me om at de tek kontakt.
Dåpssamtalen
Målet med dåpssamtalen er at de skal bli litt tryggare på det praktiske rundt gudstenesta. Det mest vanlege er å ha dåpssamtalen heime hjå dykk, men ikkje tenk på å servere noko meir enn ein kaffikopp. Det er bra nok, og alle prestar veit at småbarnsfamiliar har det rotete.
I dåpssamtalen kan det vere aktuelt å snakke om:
- Kven de er, og kva de er opptekne av
- Barn, familieliv og relasjonar, gleder og utfordringar
- Kva dåp er og betyr
- Gustenesta, kva som skal skje og praktiske ting
- Har barnet sysken eller annan familie som kan lese tekst, turke hovudet, bere kross eller ljos i prosesjonen?
- Trusopplæringsarbeidet til kyrkjelyden, frå babysong til etter konfirmasjonsalder