Etter over 160 år i Oslo, kom Treungenmadonnaen sommaren 2026 endeleg tilbake til heimstaden sin. Her kan du lese om historia hennar og korleis det heile gjekk til.
Historie
Alt på 1100-1200-talet vart den fyrste av to kyrkjer bygd oppe på ein haug mellom gardane på Tveit. Dette var einaste kyrkja i Treungen i 6-700 år. Anten du budde på Felle eller Haugsjå, det var til den kyrkja dei sokna, og her gravla dei sine døde.
På 1200-talet fekk kyrkja ein stor skatt, ein Madonna-skulptur (Jomfru Maria med Jesusbarnet.) Den er tidfest til 1270-1280. Figuren er 75 cm høg og sto antakeleg i eit helgenskåp på venstre side framme i kyrkja. Maria sit på ei trone og når det var messe vart skåpdørene opna. Ho var eit strålande syn i den enkle stavkyrkja. Det var ikkje vanleg med ein så fin skulptur i ei lita, fattigsleg kyrkje i Vest Telemark. Figuren i sterke fargar og med gull og sylv var eit overjordisk syn.
Vi veit ikkje kvar skulpturen er laga. Treungen høyrde til Oslo bispedøme, og den er antakeleg laga på ein verkstad på bispegarden i Oslo eller Hamar. Madonnafiguren frå Treungen er den einaste der Jesusbarnet rettar opp handa si og kjærteiknar mor si. I den andre handa held han ei gullkule som er eit symbol på jordkloden.
Maria sin høgre arm var broten av. Den høyrde ikkje til den same eikestokken, men var plugga inn i hovudfiguren. Maria held eit septer eller spir i handa som symbol på makt. Krona på hovudet viser også at ho er himmeldronninga.
Etter reformasjonen fekk ikkje helgenfigurane så sentral plass i kyrkjene, men antakeleg sto den på same staden heilt til kyrkja vart riven i 1748. Det kom ny kyrkje på Tveit i 1750. Kvar skulpturen vart plassert der veit vi ikkje. Dette var ei lita, enkel trekyrkje som snart vart for lita, og stod bare litt over hundre år. Då kom den nye kyrkja, som vi har i dag i 1863, og Madonnaskulpturen vart sendt til Oldsakssamlinga i Kristiania, som nå er Kulturhistorisk museum, og der ligg den i eit magasin.
Kopien av originalen
Få har sett originalen i Oslo. Heller ikkje pensjonert sokneprest Olav Jakob Tveit. Ein dag han gjekk på Nisserstien i oktober 2023, opplevde han noko merkeleg. Han høyrde ei røyst frå himmelen som talte til han og sa: «Du skal lage ein kopi av Madonnafiguren frå stavkyrkja på Tveit, og den skal du betale.» Dette hadde han aldri tenkt på, men han syntest at dette høyrdest spennande ut, og dersom dette var Guds vilje, ville det nok legge seg til rette. Og det har det gjort heile tida, med prost og biskop og riksantikvar som gav løyve, og dei flinkaste folka i Europa som har gjenskapt figuren. Figuren er tredimensjonalt skanna av Bjarte Aarseth på Kulturhistorisk museum og på arkitekthøgskulen i Oslo vart det laga ein plastmodell som treskjerar Boni Wiik har skåre etter. Kopien er altså ein blanding av moderne digital teknikk og gamalt handverk. Skulpturen er hoggen og skåren ut av ein eikestokk.
Der var litt fargepigment att på originalen. Ut frå andre madonnaskulpturar frå samtida fann dei ut dei andre fargane. Alle madonnafigurar frå 1200 talet har sterke fargar. Fargepigmentet var importert frå kontinentet og var forskjellig frå alt anna folk såg i samtida som hadde duse naturfargar. Saman med forgyllinga, slik at figuren virka nesten sjølvlysande, gjorde det eit veldig inntrykk. Det var nesten som at dei såg sjølvaste himmeldronninga i himmelen i den mørke stavkyrkja, bare opplyst av blafrande talgljos. Gull var for dyrt, men dei smurde tjøre over sylv og etter ei tid såg det ut som gull.

Nadine Huth
har fargelagd figuren etter gamle teknikkar frå mellomalderen. Ho er ein tysk kustkonservator og polykromikar (spesialist på fargesetting av skulpturar). Ho er tilknytt Historiska museet ved universitetet i Lund i Sverige som konservator. Ho har arbeidd saman med Boni Wiik i ei årrekke. Ho har kunstfagleg bakgrunn, noko som gjer henne til den fremste på slikt arbeid i våre dagar.
Boni Wiik
er ein norsk treskjerar som er ekspert på å bevare og vidareføre tradisjonelt handverk, som har røter attende til mellomalderen og vikingtida. Han fekk si utdanning på Vikingskipsmuseet, og har vore leiar for Treskjærerverkstedet A/S i Oslo og bur nå i Lund. Boni Wiik har skåre ut 4 madonnafigurar før han skar ut Treungenmadonnaen. Han seier at vår madonna er den minste og den søtaste av dei alle.

Kyrkjestaden på Tveit
ligg høgt og fritt med strålande utsikt over Tveitgardane, Nisser og Langfjell.
Dette er den mest historiske plassen i Treungen og er freda. Her stod kyrkjene i Treungen i 6-700 år og fleire tusen ligg gravlagde på den vesle kyrkjegarden. Altertavla og døypefonten i Treungen kyrkje er frå den andre kyrkja på Tveit. Dei var ei gåve til den nyoppførte kyrkja i 1751 frå soknepresten i Kviteseid, Hans Jacob Bloch. Treungen høyrde då til Kviteseid prestegjeld og altertavla er nokså lik den som står i Kviteseid gamle kyrkje.
I 1970-åra voks det fram ein tanke om å sette kyrkjestaden meir i stand og Nissedal Lions Club gjorde mykje dugnadsarbeid. Klokkestopulen er frå 1984, etter ei teikning frå Riksantikvaren, og er laga av Gunnar Gundersen frå Treungen. Kyrkjeklokka er frå mellomalderen. Kvart år er det friluftsgudsteneste ved olsoktider på denne historiske staden.
Det er nå planar om å oppgradere staden med sikring av muren, benkar og informasjonstavle. Det lønner seg å ta turen opp til den gamle kyrkjestaden. Det er ein av dei aller vakraste stadene i Treungen, med historisk sus og fantastisk utsikt.