Leik i lag!


Leik i lag!


Leik i lag er eit nytt tilbod til ungar frå 5-10 år. Bli med på leik og moro i gymsalen på Kyrkjebygda oppvekstsenter!

 

Leik i lag er eit leik- og akivitetstilbod for barn i alderen 5-10 år. Her blir det mykje moro med leik, rørsle og fellesskap - der alle kan vere med, uansett nivå. 

I løpet av samlinga blir det ei pause der eg delar ei lita bibelforteljing eller nokre tankar. Målet er at Leik i lag skal vere ein stad for tru, håp og livsglede!

Eg har fått med meg Barbro Tveitane Holskar, så me kjem til å vere to vaksne der heile tida. 

Samlingane denne vinteren er torsdagar frå klokka 18-19 i gymsalen på Kyrkjebygda oppvekstsenter. 
Datoane er:

  • 15. januar
  • 12. februar
  • 12. mars
  • 9. april

Gledar meg til å leike med dikkon!
 

Helsing

Hans-Christian S. Borstad 

Tilbake