Stod du til konfirmasjon i Nissedal eller Treungen i 1975 eller 1976, og ikkje har motteke invitasjon til gullkonfirmantsamling i februar? Då ynskjer me kontakt med deg!
Sundag 15. februar er alle gullkonfirmantar i Nissedal særskilt inviterte til gudsteneste i Treungen kyrkje og fest på bedehuset etterpå. Me har klart å finne kontaktinformasjon til dei fleste, men manglar framleis nokre. Viss du sjølv ikkje har motteke invitasjon, eller kjenner til andre i ditt kull som ikkje har det, bed me deg take kontakt med kyrkjekontoret på kynis@nissedal.kommune.no.
Helsing
kyrkjeverja