Taket på Nissedal kyrkje blir endeleg skifta ut. Det er veldig gledeleg at kyrkja no er sikra i mange år framover.
Dei fleste som køyrer forbi kyrkja i Nissedal har sikkert alt lagt merke til stillaset som omkransar kyrkja. Taket på kyrkja var i dårleg forfatting, og det var nødvendig å skifte det ut for å unngå skade. No står VEF Entreprenør AS på for at kyrkja skal tole vêr og vind i mange år framover. Dei har så langt gjort ein framifrå god jobb, og reknar med å vere ferdige til jol. Me er veldig takksame for god hjelp av Nissedal kommune og alle andre som har jobba godt for at dette lot seg løyse så fort og så godt.