Sorg er noko alle møter i løpet av livet, og noko ein ikkje skal trenge å gå gjennom aleine. Frå januar 2026 blir det oppretta eit prosjekt med ei felles sorggruppe for Vest-Telemark. Ta kontakt om dette er noko som kan vere godt for deg.
I samband med Helgemesse blir det og lyst ut eit tilbod om ei SORGGRUPPE FOR VEST-TELEMARK. I eit samarbeid med soknediakonen i Seljord vert det i år gjeve tilbod om ei Sorggruppe for heile Vest-Telemark. Ansvarleg for gruppa er prostidiakon Eilev Erikstein saman med ein frivillig medarbeidar. Oppstart i januar 2026, samlingsstad vert avgjort når ein ser kven som melder seg. Det vert fem samlingar på to timer kvar, Tema som vert tekne opp er: Kva hende? Kva er sorg? To-prosess modellen. Ulike meistringsstrategiar. Kva gjev håp no? Tilbodet er ope for alle, uavhengig av livssyn. Påmelding til næraste kyrkjekontor eller prostidiakonen. Du kan nå han på telefon 91113580 eller på e-post til eilev.erikstein@tokke.kommune.no.