Middag, fellesskap, samling og leik. Bli med på Supermåndag, då vel!
Velkomen til Supermåndag på Fjone!
Dette er samlingar for barnefamiliar, der målet er å byggje gode relasjonar, lære og leike saman. Samlinga startar med middag for heile familien. Deretter blir det ei lita samling med song og bibelforteljing, før me avsluttar med å leike. Når det er samling, blir det opplegg for ungar i barnehage- og barneskulealder.
Maten står på bordet klokka 16.30, og me avsluttar klokka18.00.
Middagen kostar 50 kroner per person. Maks 150 kroner per familie.
For å kunne planleggje middagen, bed me om at de gjev beskjed i messengergruppa kor mange som kjem seinast to dagar før.
Me ser fram til å møtast på bedehuset!