Supertorsdag i Kyrkjebygda!


Supertorsdag i Kyrkjebygda!


Middag, fellesskap, samling og leik. Bli med på Supertorsdag, då vel!

 

Velkomen til Supertorsdag i Kyrkjebygda!

Dette er samlingar for barnefamiliar, der målet er å byggje gode relasjonar, lære og leike saman. Samlinga startar med middag for heile familien. Deretter blir det ei lita samling med song og bibelforteljing, før me avsluttar med å leike.  Når det er samling, blir det opplegg for ungar i barnehage- og barneskulealder. 

Maten står på bordet klokka 16.30, og me avsluttar klokka18.00.

Middagen kostar 50 kroner per person. Maks 150 kroner per familie. 

For å kunne planleggje middagen, bed me om at de gjev beskjed kor mange som kjem seinast to dagar før. Send melding til Hans-Christian Stana Borstad på 91 89 15 28. 

Me ser fram til å møtast på bedehuset!

Tilbake