Bli fast gjevar


Bli fast gjevar


Som fast gjevar i Nissedal sokn støttar du viktige aktivitetar og tiltak som fremjar fellesskap og tru for barn og unge. Di støtte er med på å gjere soknet levande.

 

Bli fast gjevar i Nissedal sokn

Som fast gjevar i Nissedal sokn blir du ein viktig støttespelar i trusopplæringsarbeidet vårt. Di økonomiske støtte går til å oppretthalde og utvikle barne- og ungdomsarbeidet. Målet vårt er å kunne finansiere ei 20 prosent stilling som trusopplærar. 
 

Kva betyr det å vere fast gjevar?

Som fast gjevar set du opp ei avtale om å gje eit fast beløp kvar månad. Dette gjev soknet økonomisk forutsigbarheit og gjer det mogleg å planleggje og gjennomføre aktivitetar heile året. Fast gjevarteneste er ein viktig del av finansieringa som gjer at soknet kan halde fram med arbeidet på ein langsiktig og berekraftig måte.
 

Korleis kan du bli fast gjevar?

Det er enkelt å bli fast gjevar i Nissedal sokn. Tenesta blir administrert av Solidus, og du kjem til sida for å registrere deg ved å klikke på denne setninga. Hugs å huke av for skattefrådrag, dersom det er noko du ynskjer. Viss det er noko du lurar på, kan du kontakte kyrkjekontoret. Me hjelper deg så godt me kan. 
 

Kva får du tilbake som fast giver?

Som fast gjevar får du ikkje berre den gode kjensla av å bidra til fellesskapet, men du får òg oppleve den direkte innverknaden du har på arbeidet i soknet. Du blir ein del av eit sterkt fellesskap som arbeider for å skape meining og samhald for dei som er knytte til soknet.
 

Takk for at du vurderer å bli fast gjevar – di støtte er viktig for Nissedal sokn!

Tilbake