Felle kapell


Felle kapell


Folk på Felle har gjennom historia hatt lang veg til kyrkja. I 1970 blei draumen om eit eige kyrkjebygg i grenda verkeleg. Velkomen til Felle kapell!

 

Alt i 1868 gav kyrkjedepartementet løyve til at folket på Felle kunne få ein eigen gravstad. Dette kom av at vegen til kyrkjegarden i Treungen var så lang og kronglete, at dei stundom måtte utsetje likferda. Det var rett og slett ikkje mogleg å kome fram. Nøyaktig 100 år seinare, i 1968, var det ei ny hending som skulle setje fart i draumen om eit eige kapell også. Ein storflaum gjorde bekken som rann langs kyrkjegarden til ei stor å, og denne åna tok med seg klokke- og reiskapshuset som var oppført. 

Dugnadskrefter og lokalt pågangsmot sytte for at Felle fekk sitt eige kapell i 1970. Sidan då har kapellet vore ein viktig samlingsstad for grenda, både i glede og sorg.

Dersom de ynskjer å lese meir om Felle kapell, vil me oppmode om å låne eller kjøpe jubileumsboka til Nissedal og Treungen kyrkjer - Ljos over landet strøymde. Der kan de lese i detalj om både historia og inventaret i kapellet. 

Dersom de vil kjøpe boka, kan de sende ein e-post til oss på kyrkjekontoret. Kontakinformasjon finn de på heimesida vår.

Tilbake