Treungen kyrkje


Treungen kyrkje


Frå Tveit til Homme. Striden om kvar den nye kyrkja skulle liggje fall til slutt på Homskleiva. Der har ho tent folk i over 150 år!

 

Den noverande kyrkja i Treungen ligg på Homme, nesten tre kilometer utanfor sentrum. For å forstå kvifor ho blei lagt der, må ein sjå på kvar dei som sokna til kyrkja budde. Fram til 1863 låg kyrkja oppe i Tveitgrenda, noko fleire i soknet meinte var eit "yderst ubequemt Sted". Det var lagt å gå for alle som budde sør for Treungen, og dei bratte bakkane på slutten, gjorde nok ikkje saka betre. 

Kyrkja er ei panelt langkyrkje av tømmer, og blei vigsla den 25. mars, 1863 av prost I. A. Teisner frå Fyresdal. Ho har opp gjennom tidene vore gjennom fleire rundar med vøling og restaurering. Dette arbeidet pågår kontinuerleg, og sokerådet ser fram til den dagen besøkande kan besøke ei nymåla kyrkje med ny inngang for rullestolbrukarar. I dag er kyrkja framleis viktig for det kyrkjelege livet i bygda og kommunen, med gudstenester, konsertar og samlingar gjennom året.  

Dersom de ynskjer å lese meir om Treungen kyrkje, vil me oppmode om å låne eller kjøpe jubileumsboka til Nissedal og Treungen kyrkjer - Ljos over landet strøymde. Der kan de lese i detalj om både historia og inventaret i kyrkja. 

Dersom de vil kjøpe boka, kan de sende ein e-post til oss på kyrkjekontoret. Kontakinformasjon finn de på heimesida vår. 

Tilbake