Nissedal kyrkje - ei tømra krosskyrkje frå 1763 med ei spennande historie.
Kyrkja i Nissedal (også kalla Immanuelskyrkja), ligg vakkert til på austsida av Nisser. Den noveranda kyrkja blei bygd i 1763-64 på den gamle kyrkjegardsmuren. Det har altså vore kyrkje i Nissedal også lenge før dette.
Då denne kyrkja stod klar til bruk, var presten og kyrkjelyden hugne på at ho skulle bli vigsla slik at dei kunne byrje å ha gudstenester her. Huset dei hadde bruka i byggjeperioden var så trongt og klamt at det mest ikkje var til å halde ut. Det var difor ein stor dag då prosten, Jens Eilirtz i Hjartdal, den 12. september i 1764 kunne vigsle kyrkja. Heilt ferdigstilt blei ho likevel ikkje før i 1778.
Utsjånaden til kyrkja har endra seg opp gjennom historia. Opphaveleg stod til dømes klokketårnet over krossen midt på kyrkja. Dette måtte etter kvart bli flytta fordi tårnet ikkje tolte tyngda av kyrkjeklokka.
Dersom de ynskjer å lese meir om Nissedal kyrkje, vil me oppmode om å låne eller kjøpe jubileumsboka til Nissedal og Treungen kyrkjer - Ljos over landet strøymde. Der kan de lese i detalj om både historia og inventaret i kyrkja.
Dersom de vil kjøpe boka, kan de sende ein e-post til oss på kyrkjekontoret. Kontakinformasjon finn de på heimesida vår.