Heime att i bygda, og har lyst til å treffe gamle kjende? Eller går du på ungdsomsskulen og vil henge ein kveld med gode vener? Då er Nattcafé på Treungen bedehus staden for deg!
Velkomen til Nattcafé på Treungen bedehus! Nattcaféen er open for alle, og jobbar for eit inkluderande, rusfritt, hyggjeleg, leikande og aksepterande miljø. Servering av pizza på kvar Nattcafé.
Me har mange ulike aktivitetar du kan halde på med: spel, kortspel, bordtennis. luftgeværskyting, kahoot, biljard, sjakk, gode samtaler, relasjonsbygging, leik og mykje meir. Du vil også få med deg ein kveldstanke om livet!
Nattcafé er for ungdommar frå 8. klasse til og med vidaregåande.
Er det noko du lurar på? Treng barnet ditt tilrettelegging? Tak kontakt med Anita Haugstad Haugsjå på telefon 94472235.