4-årsboka


4-årsboka


Tenk å vere fire år, og få ein heilt eigen invitasjon til kyrkja der du er heidersgjest. 

 

Som fireåring får du invitasjon til ei gudsteneste der du er heidersgjest. Du får vere med på noko av det som skjer i gudstenesta, og du får utdelt di eiga bok - Mi kyrkjebok. Me synest det er flott å gjere litt stas på deg. Det er også fint å møte mange av dei du skal gå i klasse med når du byrjar på skulen. 

I forkant av gudstenesta får du invitasjon til ei samling, slik at du veit litt meir om kva som skjer under ei gudsteneste.

Sjå kalenderen vår for oppdaterte datoar. 

Velkomen!

Tilbake