Hæ, er Bibelen verdas mest selde bok gjennom tidene? I kodeB blir du betre kjend med Bibelen og nokre av dei spennande forteljingane som står der.
KodeB er eit opplegg for 5. klassingar, der dei blir betre kjende med Bibelen. Dei skal få oppleve at Bibelen er ei rik og spennande bok som betyr noko for livet. Målsettinga er å vekkje nysgjerrigheit og undring over det mangfaldige innhaldet.
KodeB består av to samlingar i forkant av gudstenesta. Under gudstenesta deltek ungane, og viser fram noko av det dei har lært.
Informasjon og påmelding blir send ut i forkant.
Følg med i kalenderen vår for oppdaterte datoar.