Korleis ser det eigentleg ut der oppe i kyrkjetårnet? Bli med oss og finn det ut, då vel!
Tårnagenthelg er ei helg for 3. og 4. klassingar, fylt med oppdrag og mysterium som barna blir inviterte til å løyse. På laurdagen løyser barna oppdrag gjennom utforsking av kyrkjerommet og klokketårn, symbol og bibelforteljingar. På sundagen deltek ungane på gudstenesta, og deler noko av det dei har opplevd som tårnagentar.
Tårnagenthelga brukar vere i februar. Sjå kalenderen vår for oppdatert informasjon.
Klikk her for å sjå ein liten informasjonsfilm om å vere tårnagent.
Invitasjon og påmelding blir send ut i forkant.
Me gler oss til å løyse mysterium med deg.