Song, leik og fellesskap. Bli med på sundagsskule då vel!
Éin måndag i månaden er det sundagsskule på Felle. Me møtast i kapellet og har ei samling saman, der me syng, lærer bibelhistorier og har det kjekt i lag. Det er Torill Sønderland som er ansvarleg for samlingane. Dersom det er noko de lurar på, kan de kontakte henne på 95181606.
Samlingane er i utgangspunktet den siste måndagen i månaden, men det kan kome endringar. Sjå difor kalenderen vår for oppdaterte datoar.
Alle er hjarteleg velkomne.
Me sjåast!