Går du i barnehagen, og likar å syngje og leike? Då er supermåndag på Fjone noko for deg!
Supermåndag har som visjon å vere ein stad for tru, håp og livsglede. Songen vår, "Livsglede", handlar om nettopp dette. Saman lærer me historier frå Bibelen, syng og ikkje minst leikar saman. Det er gøy når dei vaksne også blir med på leiken. Me møtast annankvar måndag på Fjone bedehus. Samlingane er primært retta mot barn i barnehagealder.
Éin måndag i månaden inviterer me heile familien til å ete middag saman før samlinga startar. Det er hyggjeleg både for barn og foreldre å dele eit måltid saman. Dersom ein ynskjer middag, må ein melde frå til Hans-Christian (91891528) eller Mari Stana Borstad (97740896) fredagen før. Det kostar 50 kroner per person, maks 150 per familie.
Tidspunkt for samlingane:
20. januar: Supermåndag med middag (16:30-18)
3. februar: Supermåndag (17-18)
24. februar: Supermåndag med middag (16:30-18)
10. mars: Supermåndag (17-18)
24. mars: Supermåndag med middag (16:30-18)
7. april: Supermåndag (17-18)
19. mai: Supermåndag med middag (16:30-18)
2. juni: Supermåndag (17-18)
16: juni: Supermåndag med middag (16:30-18)
Me sjåast!