Hjarteleg velkomen til jolekonsert i Treungen kyrkje 14. desember klokka 16 og 18. Lat oss finne jolestemninga saman.
"Vi syng jola inn" er ein viktig førjolstradisjon for mange i Nissedal. Det er difor ei glede å kunne invitere til ein variert førjolskonsert den 14. desember i Treungen kyrkje. I år, som i fjor, blir det to konsertar for å kunne tilby ein plass til alle som kjem.
Den fyrste er klokka 16, og den andre klokka 18.
Det er litt variasjon i kven som deltek på dei to konsertane, men me kan uansett love at du går derfrå med meir jolestemning enn då du kom.
Hjarteleg velkomen!
Helsing
Nissedal sokneråd