Matkasser


Matkasser


Treng du, eller kjenner du nokon som kan trenge ei matkasse til jol? Me vil gjerne hjelpe!

 

Også i vårt velferdssamfunn er det somme som slit med økonomien. Dei siste åra har me sett at mange er urolege økonomien. I mange år har Diakonatet delt ut matkasser. Det vil me også gjere i år. Som diakon er det fint å få reise rundt med dette handslaget frå kyrkja og diakonien. Via ulike kjelder, nokre tilskot frå kommunar (Vinje og Fyresdal, og somme gåver) har Diakonatet midlar til å halde fram med å gje ei ekstra oppmuntring til jol. I år har me også eit ekstra samarbeid med pinsekyrkjelyden Fredheim i Kviteseid og Frivilligsentralen i Nissedal, om utdeling av matkassene.
Ein bil full av matkasser klare til levering.

Tak kontakt om du sjølv treng dette, eller om du kjenner nokon som hadde blitt glade for ei slik matkasse. 

Med ynskje om ei god adventstid!
Eilev Erikstein
Prostidiakon i Vest- Telemark
Tlf: 91113580

Tilbake