Onsdag 19., torsdag 20. og sundag 23. november er me så heldige å få besøk av Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark. Les meir for å sjå heile programmet.
Formålet med ein bispevisitas er å støtte, inspirere og rettleie kyrkjelydar og tilsette, samt gjere kyrkja synleg i lokalsamfunnet. Biskopen skal utøve kyrkjeleg tilsyn, og vere med på å leggje til rette for eit aktivt engasjement og stadig fornying i kyrkja. Me har mykje å vere stolte av i Nissedal sokn, og ser fram til å kunne vise biskopen noko av dette. Under ser de programmet for dei dagane han er i Nissedal:
Onsdag 19. november:
- Omvising på kontoret
- Skulebesøk på Tveit skule/Nissedal ungdomsskule
- Arbeidslunsj med kommuneleiinga
- Møte med NorShel og Nissedal studiesenter på Haugsjåhuset ved Hølje Haugsjå
- Samtale med tilsette
- Middag med soknerådet og tilsette
- Kulturkveld i Nissedal kyrkje frå kl. 19:30. Kulturelle innslag. Ope for alle!
Torsdag 20. november:
- Besøk på Trivselsbua for å sjå arbeidet som blir gjort der.
- Lunsj med tilsette i kyrkja
- Besøke Eldsterådet i Frikyrkja
Sundag 23. november:
- Visitasgudsteneste i Treungen kyrkje kl. 11.00 med visitasføredrag. Kyrkjekaffi på Treungen bedehus etterpå. Alle er hjarteleg velkomne.
Me gler oss til fine dagar saman.